Handball-VM 2023 for kvinner, den 26. i rekka, vart avvikla i tida 29. november til 17. desember 2023 i Danmark, Noreg og Sverige.[1] Det var fyrste gongen tre land stod som arrangør av ein verdsmeisterskap i handball for kvinner. Finalespelet gjekk føre seg i Danmark. Frankrike vann den store VM-pokalen, Noregs lag kom på sølvplass og Danmark kneip bronsemedaljane.
Finalen
Finalen mellom tittelforsvarar Noreg og Frankrike vart spelt i Herning framom 12 017 tilskodarar. Laga fylgde kvarandre til dess Noreg skåra to mål i det tiande minutt og leia 7–5. Vel midtvegs i omgangen utlikna Frankrike til 10–10. Frankrike tok så føringa 15–13 i det 21. minutt. Ved pause leia det franske laget 20–17. Fram til det 49. minutt styrte Frankrike kampen med ein fordel på to til fire mål. Noreg reduserte då til 25–26, men Frankrike svarte med å auke til 29–25 i løpet av fire minutt. Léna Grandveau, som skåra dei fire siste måla for Frankrike, fastsette sluttresultatet til 31–28.
Frankrike sine mål kom frå Léna Grandveau og Tamara Horacek, begge 5, Orlane Kanor og Chloé Valentini, begge 4, Sarah Bouktit og Estelle Nze Minko, begge 3, Laura Flippes og Alicia Toublanc, begge 2, Paulette Foppa, Lucie Granier, Méline Nocandy, alle 1. Laura Glauser og Hatadou Sako vakta målburet.