Vilde Ingstad
Vilde Mortensen Ingstad (fødd 18. desember 1994) er ein norsk handballspelar frå Oslo som vann VM-gull i 2015 og vart europameister med Noreg i 2016. Perioden 2014-18 deltok ho i 68 landskampar og skåra 47 mål. KarriereIngstad byrja spele handball i Nordstrand IF, før ho i 2014 gjekk over til byrival Oppsal IF. I 2016 skreiv ho ein toårskontrakt med danske Esbjerg. Den 11. oktober 2014 fekk Ingstad sin landslagsdebut mot Frankrike, men ho kom ikkje med i EM-troppen 2014. Derimot var ho med i meisterskaps-troppane både i Handball-VM 2015 i Danmark og Handball-EM 2016. I verdsmeisterskapen var ho berre med i dei innleiande kampane. Under europameisterskapen 2016 i Sverige fekk ho meir speletid, fekk likevel einast korte innbyte då Noreg triumferte over Nederland i finalen. Merittar landslag
Kjelder |