Verdsmeisterskapen i handball 2023 for menn vart arrangert i Polen og Sverige dagane frå 11. til 29. januar 2023. Det var fyrste gongen Polen stod som arrangør av eit handball-verdsmeisterskap for menn og femte gongen Sverige arrangerte eit VM i handball. 32 landslag deltok i meisterskapen. Danmark vart verdsmeister for tredje gong i rad, ved å skåra 34 mål i finalen, Frankrike stoppa på 29 skåringar.
Danmark opna friskast og leia 6–2 og 12–7, før Frankrike knappa inn leiinga til 14–15. Ved pause leia Danmark 16–15. Etter pause utlikna Frankrike. Det neste kvarteret låg danskane jamt eitt og to mål over det franske mannskapet. Frå å ha teke leiinga 26–24 i det 47. minutt auka Danmark på fem minutts spel til 30–26. Derifrå kontrollerte rutinerte danskar kampen inn til siger 34–29.
Danmark sine mål kom frå Rasmus Lauge (10), Simon Pytlick (9), Mathias Gidsel (6), Niclas Kirkeløkke (2), Mads Mensah (2), Magnus Saugstrup (2), Simon Hald (1), Emil Jakobsen (1) og Mikkel Hansen 1. Kapteinen Niklas Landin vakta målet det meste av kampen. Nedim Remili vart toppskårar for det franske mannskapet med sine 6 nettkjenningar.