Duhail-hallen i QatarVM-finalen 2015Franske spelarar feirar VM-sigeren
Verdsmeisterskapen i handball 2015 for menn vart avvikla i dagane frå 15. januar til 1. februar 2015 i Qatar. Til saman 24 land deltok i turneringa. Frankrike vann VM-gull for femte gong etter finalesiger 25-22 mot vertslandet Qatar, som fekk sikra si aller fyrste VM-medalje.
Frankrike leia kampen frå 2–1 og drog frå etter 6–5. Etter 20 minutts spel stod det 11–6 og ved pause 14–11. Etter kvilen reduserte Qatar til 13–14 og låg i rygg på Frankrike til 19–20. Dei siste 12 minutta heldt Frankrike seg to og tre mål over. Etter 25–22 ebba kampen ut.