Verdsmeisterskapen i handball 2021 for menn vart arrangert i Egypt i dagane frå 13. til 31. januar 2021. Dette var tredje gongen at verdsmeisterskapen vart arrangert på det afrikanske kontinent og andre gongen at meisterskapen vart arrangert i Egypt. Det var òg den fyrste meisterskapen der 32 landslag deltok. I dei føregåande meisterskapane har talet på deltakande landslag vore 24.[1]
18. januar 2021 trekte Kapp Verde seg frå meisterskapen, etter fleire tilfelle av spelarar som testa positivt for COVID-19. Dimed kunne ikkje Kapp Verde stille lag i resten av turneringa. Kampane som Kapp Verde skulle ha spelt, frå 17. januar 2020, vart resultata sette til 10–0 til motstandarlaga.[2][3][4]
Regjerande meister Danmark vann meisterskapen for andre gong, etter å ha slått Sverige 26–24 i finalen. Spania fekk bronsemedaljen etter å ha slått Frankrike 35–29 i bronsefinalen. Mikkel Hansen vart kåra til meisterskapens beste spelar.[5]
Finalen
Laga fylgde kvarandre fot i fet til 6–6, før Danmark gjekk opp i 8–6. Sverige utlikna til 8–8, og tok leiinga 13–11. Ved pause stod det 13–13. Fyrste halvdel av andre omgangen var det jamnt til 20–20.
Frå å ha teke leiinga 23–20 i det 49. minutt kontrollerte danskane kampen inn til siger 26–24.
Mikkel Hansen, som vart kåra til meisterskapens beste spelar, vart toppskårar med sine 7 mål for Danmark. Dei andre danske måla kom frå Nikolaj Øris Nielsen (5), Jacob Holm (4), Magnus Saugstrup (3), Magnus Landin og Henrik Møllgaard (2, begge), medan Lasse B. Andersson, Mathias Gidsel og Mads Mensah skåra ein gong kvar. Niklas Landin var målvakt. Sveriges toppskårar heitte Hampus Wanne, han stod for 5 nettkjenningar.
USA skulle ha delteke i verdsmeisterskapen, men måtte trekkje laget 12. januar 2021 då fleire spelarar hos det amerikanske landslaget testa positivt på Covid-19-test før avreise til Egypt. Sveits tok over plassen til USA.[7]
Tsjekkia skulle ha delteke i verdsmeisterskapen, men måtte trekkje laget 12. januar 2021 då fleire spelarar hos det tsjekkiske landslaget testa positivt på Covid-19-test før avreise til Egypt. Nord-Makedonia tek over plassen til Tsjekkia.[8]
↑ 6,06,16,26,36,46,56,6Kapp Verde måtte trekkje laget sitt fra meisterskapen etter fleire tilfelle av spelarar testa positivt for COVID-19. Resultata i kampane Kapp Verde skulle ha spelt vart sette til 10–0 til motstandarlaga