Valentin Porte
Valentin Porte (fødd 7. september 1990) er ein fransk handballspelar frå Versailles. Han har vunne to gullmedaljar, sølv og bronse i verdsmeisterskap, gull- og sølvmedalje i olympiske sommarleikar og gull- og bronsemedalje i europameisterskap. I 2018 vann han meisterligaen som Montpellier-spelar. Han er venstre rykkromspelar, kan òg vere høgrekant. KarriereLandslagsspelPorte fekk sin landslagsdebut i 2013 og har sidan delteke i 170 landskampar og skåra 405 mål. Med Frankrike sitt mannskap vann han EM-gull i 2014, VM-gull 2015, OL-sølv 2016, VM-gull 2017, EM-bronse 2018, VM-bronse 2019, OL-gull 2021 og VM-sølv 2023. KlubbspelPorte spelte på Fenix Toulouse frå 2008 til 2016. Sidan då har han vore aktiv i Montpellier sitt sterke mannskap. 27. mai 2018 var han med på å slå Nantes 32–27 i finalen i meisterligaen. Med sine 64 mål var han lagets toppskårar i turneringa og bidrog, saman med mellom andre kapteinen Michaël Guigou og Vincent Gérard til Montpellier sin triumf. Merittar
Kjelder
|