Slow Burn
«Slow Burn» er ein song av den engelske musikaren David Bowie. Han kom ut som den første singelen frå det 22. studioalbumet hans Heathen den 3. juni 2002. Songen kom ikkje på singel i Storbritannia. Det vart ikkje gjevne ut nokre singlar frå Heathen i Storbritannia før i september då «Everyone Says 'Hi'» kom ut.[1] Pete Townshend speler gitar på songen. Songen vart nominert til Grammyprisen for beste mannlege rockesong. SingelomslagOmslaget på singelen var fotografert av Markus Klinko der Bowie går framover med ein baby i armane. Det er sett saman av to bilete. Hovudet til Bowie er sett oppå hovudet til ein mannleg modell.[2] MusikkvideoMusikkvideoen til «Slow Burn» vart regissert av Gary Koepke, og kom ut i 2002.[3] Ein musikkvideo for «Slow Burn» vart lasta opp til den offisielle DavidBowieVEVO YouTube-kanalen den 23. mars 2011. Videoen syner Bowie kledd i kvitt medan han syng songen i eit platestudio. I bakgrunnen går ei jente rundt i det mørke kontrollrommet og rører stundom på utstyr og miksepulten. Videoen er ein redigert versjon av songen.[4] KonsertopptakSongen vart framført på fleire TV-show i 2002, men vart berre framført på dei to første konsertane på Heathen-turneen[5] og under ein promokonsert i Sony Music Studios i New York mellom dei to konsertane. InnhaldCD-ar
Medverkande
Salslister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|