Alabama Song«Alabama Song» (òg kjend som «Whisky Bar» eller «Moon over Alabama» eller «Moon of Alabama») vart opphavleg publisert i Bertolt Brecht sin Hauspostille (1927). Han vart sett til musikk av Kurt Weill i 1927 for «songspelet» Mahagonny og igjen nytta i Weill- og Brecht-operaen Rise and Fall of the City of Mahagonny i 1930. I sistnemnde vert han sungen av rolla Jenny og dei prostituerte venene hennar i første akt. Musikalsk inneheld han element av foxtrot, blues og vert sungen av Jenny Corless. Teksten til «Alabama Song» er i engelsk og vert sungen på engelsk sjølv om den originale operaen er tyskspråkleg. The Doors-versjonen
Songen vart innspelt i 1967 av rockebandet The Doors (tilskriven på albumet som «Alabama Song (Whisky Bar)»). Frontmannen i the Doors, Jim Morrison, endra det andre verset frå : Show us the way to the next pretty boy til Show me the way to the next little girl. I tillegg er eine verset frå originalen, Show me the way to the next little dollar fjerna. David Bowie-versjonen
Bowie, som var tilhengjar av Brecht, spelte songen på verdsturneen sin i 1978. Han spelte inn songen i studioet til Tony Visconti etter den europeiske delen av turneen, og gav han i 1980 ut på singel for å oppfylle og ende kontrakten med RCA. Med uvanlege toneartendringar «verka singelen som eit kalkulert trekk for å forstyrre eit kvart radioprogram der han var heldig nok til bli spelt».[1] Med ein enkel, akustisk versjon av «Space Oddity», innspelt i desember 1979, nådde singelen likevel 23. plass i Storbritannia. Konsertutgåva av songen frå 1978 vart gjeven ut på Stage. Bowie spelte seinare i BBC-utgåva av Brecht sin Baal, og gav ut ein EP med songar frå stykket. Han spelte «Alabama Song» igjen for Sound+Vision-turneen i 1990 og på Heathen-turneen i 2002. Medverkande
Andre versjonarAndre artistar som har spelt inn songen er mellom andre:
Kjelder
|