I Pity the Fool
«I Pity the Fool» er ein song opphavleg gjeven ut av Bobby Bland i 1961 for Duke Records. Songen var tilskriven Deadric Malone, eit psevdonym for eigaren av Duke Records, Don Robey.[1] David Bowie spelte songen under namnet The Manish Boys i 1965, og denne vart gjeven ut som den andre singelen hans. Bobby Bland-versjonenInnspelinga vart gjort i Houston i 1060, truleg med Joe Scott og Melvin Jackson på trompetar, Pluma Davis på trombone, Robert Skinner og L.A. Hill på tenorsaksofon, Rayfield Devers på barytonsaksofon, Teddy Raynolds på piano, Wayne Bennett på gitar, Hamp Simmons på bass, John «Jabo» Starks på trommer og ein ukjende på fløyte, korvokal og strykarar.[2][3] Bland var på denne tida på eit høgdepunkt i karrieren og hadde fem songar på rad inne på R&B-lista i USA. Songen «I Pity the Fool» vart ein av dei største hittane hans med førsteplass på R&B-lista og ein 48. plass på pop-lista.[4] The Manish Boys (med David Bowie)-versjonen
Utgåva til The Manish Boys (på den tida med David Bowie) kom ut i 1965. Innspelinga var produsert av Shel Talmy, som òg produserte dei tidlege singlane og albuma til The Who og The Kinks. Jimmy Page var den faste studiomusikaren til Talmy og spelte gitarsoloen på «I Pity the Fool». Under desse innspelingane gav Page eit gitarriff til Bowie, som han først ikkje visste kva han skulle gjere med. Bowie nytta seinare riffet i to forskjellige songar, først på «The Supermen» frå 1971 og seinare på «Dead Man Walking» i 1997. B-sida, «Take My Tip», var den første songen skriven av David Bowie som vart gjeven ut på plate.[5] Medverkande
Andre utgjevingar
Andre versjonar
Kjelder
|