One Shot
«One Shot» er ein song av Tin Machine frå albumet Tin Machine II frå 1991, skriven av David Bowie og Reeves Gabrels. Han vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet, og den sjette singelen deira totalt. Det var òg den siste singelen bandet gav ut. Bakgrunn og innspelingSongen vart opphavleg spelt inn i 1989 etter den første Tin Machine-turneen, og det finst fleire demoinnspelingar frå øvingar av songen, som etter kvart lak ut på nettet.[1] Då det andre Tin Machine-albumet vart gjeve ut på eit nytt selskap, føreslo direktøren i selskapet at dei skulle spele inn songen på ny med den «kjende» produsenten Hugh Padgham, som tidlegare hadde arbeidd med David Bowie i 1984 på albumet hans Tonight.[2] Denne nyinnspelte versjonen var i følgje Reeves Gabrels, nesten identisk til originalen, men med ein litt betre gitarsolo.[2] B-sida var ein original song av Hunt Sales og Bowie kalla «Hammerhead», som av Nicholas Pegg vart skildra som ein «standard pseudo-sexistisk Tin Machine-sak».[1] Eit lite klipp av songen dukka opp som eit løynd spor heilt på slutten av Tin Machine II.[2] InnhaldEuropeisk CD-singel (London/Victory 869 574-2)
Amerikansk promo-CD (Victory CDP 522)
Medverkande
Salslister
Kjelder
Bakgrunnsstoff |