Côtes-d'Armor
Côtes-d'Armor (bretonsk:Aodoù-an-Arvor) er eit departementet nordvest i Frankrike. Departementet ligg nord i regionen Bretagne. HistorieCôtes-du-Nord var eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Bretagne. Namnet vart endra i 1990 til Côtes-d'Armor (ar mor tyder havet på bretonsk). Namnet har òg ein historisk samanheng til minne om den romerske provinsen Armorica. GeografiDepartementet er i dag ein del av regionen Bretagne og grensar til departementa Finistère, Morbihan og Ille-et-Vilaine, med Den engelske kanalen i nord. DemografiInnbyggjarane i departementet vert på fransk kalla costarmoricains. KulturDet har vore spente debattar om det bretonske språket i mange delar av Bretagne, og mange som brukar bretonsk vil ha tospråklege skular. Gallo vert òg snakka i aust og mange skular har tilbod om språket, i tillegg til universitetsgrader i det. Bakgrunnsstoff![]()
|