Isère
Isère (frankoprovensalsk Isera, oksitansk Isèra) er eit departement sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Rhône-Alpes, og er kalla opp etter elva med same namn. HistorieIsère er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Dauphiné. Området har vorte redusert to gonger, i 1852 og i 1967. Isère var òg namnet på det franske skipet som leverte dei 214 boksane som innehald Fridomsgudinna. GeografiDepartementet er i dag ein del av regionen Rhône-Alpes og grensar til departementa Rhône, Ain, Savoie, Hautes-Alpes, Drôme, Ardèche og Loire. Isère inneheld delar av Dei franske Alpane. Det høgaste punktet er toppen La Meije på 3 987 meter. Massif du Vercors dominerer vestlege delar av departementet. DemografiInnbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Isérois. KulturGrande Chartreuse er hovudklosteret i karteusarordenen. Det ligg 22 km nord for Grenoble. Så tidleg som på 1200-talet snakka innbyggjarane i nordlege og sentrale delar av departementet ein dialekt av frankoprovensalsk kalla dauphinois. Dette vart framleis tala i landlege område på 1900-talet. TurismeIsère har mange skistader, som Alpe d'Huez og Les Deux Alpes. Det er òg vertskap for ein årleg festival flysport som paragliding og hanggliding. YmseIsère produserer følgjande ostetypar: Bleu du Vercours-Sassenage, ein Appellation d'Origine Contrôlée-ost og Saint-Marcellin. Bakgrunnsstoff |