Guingamp
Guingamp (bretonsk Gwengamp) er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Côtes-d'Armor i regionen Bretagne og har om lag 8 000 innbyggjarar. HistorieGuingamp var ein kjøpstad i romartida mellom Normandie og nordvestlege delar av Bretagne. På 800-talet vart det bygd ei festning her, som dei bretonske troppane til Charles de Blois under leiing av Bertrand du Guesclin i 1364 samla seg ved før slaget ved Auray. Seinare utvikla Guingamp seg til eit regionssenter for veving. Kultur![]() Historiske byggI byen finst mellom anna basilikaen Notre-Dame de Bon Secours frå 1000- til 1500-talet, som er eit pilgrimsmål, klosteret Sainte-Croix de Guingamp, grunnlagd rundt 1135 og slotta Château de Pierre II og Château des Salles frå 1400-talet. ![]() Musikk og dansGuingamp er rekna som hovudstad for bretonsk dans. Byen arrangerer årleg Festival de la Saint-Loup, ein internasjonal festival med særleg vekt på dans. Festivalen omfattar ei tevling i bretonsk dans, og blir tradisjonelt avslutta med folkedansen Dérobée de Guingamp. Byen har eit sekkepipekorps, Bagad Gwengamp, og eit lag for folkedans og -musikk, Kroaz Hent Gwengamp.[1] IdrettDen lokale fotballklubben er En Avant de Guingamp, som har spelt i den lokale eliteserien. BakgrunnsstoffKjelder
|