Stiv kuling![]() Stiv kuling er vindstyrke 7 i Beaufortskalaen og den midterste av kulingkategoriane. Vindsnøggleiken er 13,9 til 17,1 m/s eller 51-62 km/t for stiv kuling. Den eldre sjønemninga var trereva kuling. Verknad på landHeile tre rører på seg. Det er tungt å gå mot vinden. Verknad i fjelletI motvind må ein lute seg fram over skia og legge stor kraft i stavtaka, sjølv på flat mark. Det kan vere vanskeleg å halde seg på beina i vindkasta. Snøfokk set ned sikta til få hundre meter. Det kan vere vanskeleg å orientere seg i terrenget. Ein skitur i stiv kuling er ein stor påkjenning på dei fleste. Verknad på sjøenSjøen hopar seg opp til bølgjehøgder på 4,5-5 meter og kvitt skum som dannast frå bølgjetoppane som bryt, byrjar å blese i strimer i vindretninga. Andre språk
Kjelder«stiv_kuling» i Store norske leksikon, snl.no. |