Roumieh
Roumieh er ein landsby nordaust for Beirut i Libanon. Han er omgjeve av furukledde åsar og ligg 5-10 minuttars køyretur frå kysten. Roumieh er kjend som ein behageleg, vakker fjellandsby med mange hagar. I tillegg til furuskogar vert det dyrka vindruer, fiken, oliven og timian. Landsbyen er kjend for produksjonen av Arak. Landsbyen består hovudsakleg av maronittiske katolikkar og gresk-katolikkar, men òg gresk-ortodokse og armensk-ortodokse. Han har kring 5000 innbyggjarar. «Roumieh» kjem frå arameisk, som tyder «åsar» refererer til det lokale terrenget. HistorieLandsbyen vart grunnlagd kring 1500, men det var først på 1900-talet han byrja å vekse. Med ein diaspora i vesten og Latin-Amerika vart landsbyen velståande samanlikna med liknande landsbyar, og innbyggjarane vart i aukande grad utdanna. Kjelder
|