Baabdat
Baabdat (arabisk بعبدات) er ein by i Matn distrikt i Libanonfjella, 22 km frå Beirut mellom 800 og 1100 meter over havet.[1] Dei frodige furuskogane kring byen gjer han til ein populær feriestad om sommaren, særleg for folk frå Beirut. Byen ligg nær Brummana, ein av dei mest yrande feriestadane i Libanonfjella.[2] DemografiInnbyggjarane i Baabdat er anten frå Den maronittisk-katolske kyrkja eller den romersk-katolske kyrkja. EtymologiNamnet «Baabdat» kjem frå det arameiske ordet beit abdutha, som tyder «heimstaden til beundring». Namnet syner til eit gammalt tempel bygd av fønikarane.[3] HistorieDå Libanon var ein del av Romarriket var Baabdat eit senter for tømmerhogst som transporterte tømmer til skipsverfta i Beirut.[4] Kjende folk frå BaabdatBaabdat er fødestaden til den tidlegare libanesiske presidenten Émile Lahoud, politikaren Nassib Lahoud og filmregissøren Carmenlabaki. Kjelder
Bakgrunnsstoff |