Ragarock er rock eller pop med ein kraftig indisk påverknad, anten i oppbygginga, klangfargen eller i bruk av instrument som sitar og tabla. I nyare tid har musikkforskarar òg inkludert britisk rockemusikk frå 1960- og 1970-åra som nyttar sørasiatiske musikkelement og instrument som ein del av ragarocken.
Ragarock vert ikkje normalt rekna som ein spesifikk musikksjanger, men heller eit generelt aspekt av all rock som har ein tydeleg påverknad av indisk klassisk musikk. Sidan dei indiske elementa hovudsakleg er avgrensa til rock i 1960-åra, er det meste av ragarocken òg avgrensa til denne tida, men ein finn òg rock som er kraftig påverka av indisk musikk etter 1960-åra.
Utvikling
Raga er spesifikke melodiske toneartar som vert nytta i klassisk musikk i Sør-Asia. Så alle rockesongar som har tydelege indiske element kan reknast som «ragarock», sjølv om omgrepet som regel blir nytta om rock med meir eksplisitt indiske preg. Ei stor inspirasjonskjelde for ragarocken var den indiske klassiske ragamusikken til den bengalskesitaristenRavi Shankar, som i seg sjølv vart eit popikon i 1966, etter at ragarocktrenden slo gjennom.[1]
Opphavet til ragarocken vert ofte spora attende til juli 1965 og utgjevinga av «See My Friends», ein singel av The Kinks som nådde topp 10 i Storbritannia, sjølv om The Yardbirds sin «Heart Full of Soul» kom ut ein månad tidlegare med eit sitarliknande riff av gitaristen Jeff Beck.[2][3]The Byrds-singelen «Eight Miles High» og B-sida «Why» frå mars 1966 vert òg rekna som ei viktig inspirasjonskjelde i byrjinga av sjangeren. Omgrepet ragarock vart namngjeven av publisisten til The Byrds i ei pressemelding for singelen og vart først nytta på trykk av journalisten Sally Kempton i meldinga hennar om «Eight Miles High» for The Village Voice.[4][5] Men i eit intervju i 1968 med Pop Chronicles nekta derimot Byrds-medlemmet Roger McGuinn for at «Eight Miles High» var ragarock.[6]The Paul Butterfield Blues Band utvikla konseptet vidare med indiskpåverka rockemusikk med ein 13 minuttar lang instrumental kalla «East-West», som vart tittelsporet på albumet deira East-West i 1966.[7]
Tidleg i 1970-åra byrja det britiske progressive rockebandetQuintessence å blande element av indisk klassisk musikk med rock og jazz.[13] Seinare på tiåret introduserte gitaristen John McLaughlin og bandet hans Shakti ein jazzaktig versjon av ragarock over ein periode på tre album.[14]
«Sit with the Guru» (1968), «Black Butter» (1968), «Nightmare of Percussion» (1968), «They Saw the Fat One Coming» (1968), «An Angry Young Man» (1968) av Strawberry Alarm Clock.
«Square Room» (1968), «Just on Conception» (1968) og «Black Widow Spider» (1968) av Them
«Head On/Pill» (2013), I'm Not A Man Unless I Have A Woman (2013), «30 Past 7» (2013) og «Float Along – Fill Your Lungs» (2013) av King Gizzard & The Lizard Wizard
↑Miller, Andy. (2003). The Kinks are the Village Green Preservation Society (33⅓ series). Continuum International Publishing Group. s. 3. ISBN0-8264-1498-2.
↑ 3,03,1Bellman, Jonathan. (1997). The Exotic in Western Music. Northeastern. s. 297. ISBN1-55553-319-1.
↑Bellman, Jonathan. (1997). The Exotic in Western Music. Northeastern Publishing. s. 351. ISBN1-55553-319-1.
↑Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 88. ISBN1-906002-15-0.