Possible Musics
Fourth World, Vol. 1: Possible Musics er eit album frå 1980 av Brian Eno og Jon Hassell. Oversyn«Fourth World» er eit omgrep som trompetisten Jon Hassell nytta for å skildre musikkstilen som ein fekk med moderne teknologiske handsamingar påverka av forskjellige kulturar og tidsepokar. Han ønskte musikken på albumet til å vere «framtidig primitiv» eller «ein kaffi-farga klassisk musikk». Hassell hadde studert indisk klassisk musikk med songaren Pandit Pran Nath, og seinare nytta vokalteknikkane i trompetspelinga si. I lag med Eno blanda han lydane frå instrumentet sitt med digital forseinking, ekko og elektroniske effektar for å skape ei unik blanding av ambient og verdsmusikk. Trompeten til Hassell dominerer albumet gjennom, men høyrest likevel nesten aldri ut som ein. Eno tok det han lærte frå å lage dette albumet med seg i samarbeidet med David Byrne på My Life in the Bush of Ghosts. Hassell meinte visstnok at albumet med Byrne var for «kommersielt» og hudfletta Eno i eit intervju for metodane hans og «mangelen på musikalsk herkomst». Dei vart etter kvart vener att. Innhald
Medverkande
Kjelder
|