Opphavleg vart albumet gjeve ut i eit avgrensa opplag på 500 kopiar i 1976, og vart sendt til filmskaparar for å kanskje nyttast i filmane deira.[1] Albumet Music for Films vart utvida med fleire stykke då det kom ut i 1978. Utdrag frå albumet vart faktisk nytta i minst fire filmar, «Sparrowfall» i John Woo sin A Better Tomorrow, «Slow Water» i Derek Jarman sin Jubilee, «Final Sunset» i Jarman sine Sebastiane og Breathless og «M386» og «Alternative 3» i Rock 'n' Roll High School.
Albumet er ei samling av musikkstykke spelt inn i perioden 1975 til 1978, dei fleste av dei forholdsvis korte. Komposisjonsstilen og utstyret han nytta vart òg nytta på noko av David Bowie-albumet Low i 1977.