Pascal Martinot-Lagarde (fødd 22. september 1991) er ein fransk hekkeløpar frå Saint-Maur-des-Fossés som i 2018 vart europameister på 110 meter hekk i Berlin. Han har elles vunne bronsemedaljen i øvinga ved EM 2014 i Zürich, VM 2019 i Doha og sølvmedaljen EM 2022 i München. I 2014 sigra Martinot-Lagarde samanlagt i korthekk i den såkalla Diamatserien (Diamond League), same sommaren sette han fransk rekord i 110 m hekk med tida 12,95 under DL-stemnet i Monaco.