VM i friidrett 2022![]() Verdsmeisterskapen i friidrett 2022, den 18. i rekka, vart avvikla på Hayward Field i Eugene i Oregon i USA i tida frå 15. til 24. juli 2022. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 49 øvingar, fordelt på 24 for menn og like mange for kvinner. I tillegge var det 4x400 meter stafett for blanda lag. Frå 192 deltakarland var påmeldt 1 900 utøvarar. Russland og Belarus var stengt ute frå å delta grunna invasjonen av grannelandet Ukraina. RekordarSydney McLaughlin frå USA forbetra sin eigen verdsrekord på 400 meter hekk med 0,73 sekund til 50,68 sekund. I semifinalen på 100 meter hekk sette nigerianske Tobi Amusan ny verdsrekord med tida 12,12 sekund, i finalen sprang ho på 12,06 i for sterk medvind. Same dagen flytta Sveriges Armand Duplantis sin eigen verdsrekord i stavhopp med ein centimeter til 6,21 meter. Norske prestasjonarJakob Ingebrigtsen vann gullmedaljen på 5 000-meteren, etter å ha teke sølvmedaljen på 1500 m. Eivind Henriksen vart bronsemedaljør i sleggjekasting og Karsten Warholm sjuandemann på 400 meter hekk. Karoline Grøvdal kom på åttandeplass på 5 000 meter, medan stavhopparane Pål Lillefosse og Sondre Guttormsen enda som nummer 9 og 10 i øvinga. Også kulestøytaren Marcus Thomsen vart nummer 10. Menn100 meter
Finale: 16. juli 200 m
Finale: 21. juli 400 m
Finale: 22. juli 800 m
Finale: 18. juli 1500 m
Finale: 19. juli 5 000 m
Finale: 18. juli 10 000 m
17. juli Maraton
17. juli 110 meter hekk
Finale: 17. juli 400 m hekk
Finale: 19. juli 3 000 meter hinder
Finale: 18. juli 4 × 100 meter stafett
Finale: 23. juli 4 × 400 m stafett
Finale: 24. juli 20 km kappgang
15. juli 35 km kappgang
24. juli Høgdehopp
Finale: 18. juli Stavhopp
Finale: 24. juli Lengdehopp
Finale: 16. juli Tresteghopp
Finale: 23. juli Kulestøyt
Finale: 17. juli Diskoskast
Finale: 19. juli Sleggjekast
Finale: 16. juli Spydkast
Finale: 23. juli Tikamp
23. og 24. juli Kvinner100 meter
Finale: 17. juli 200 m
Finale: 21. juli 400 m
Finale: 22. juli 800 m
Finale: 24. juli 1500 m
Finale: 18. juli 5 000 m
Finale: 23. juli 10 000 m
7. august > Maraton
7. august > 100 meter hekk
Finale: 24. juli 400 m hekk
Finale: 22. juli 3 000 meter hinder
Finale: 20. juli 4 × 100 meter stafett
Finale: 23. juli 4 × 400 m stafett
Finale: 24. juli 20 km kappgang
Finale: 6. august > Høgdehopp
Finale: 19. juli Stavhopp
Finale: 17. juli Lengdehopp
Finale: 24. juli Tresteghopp
Finale: 18. juli Kulestøyt
Finale: 16. juli Diskoskast
Finale: 20. juli Sleggjekast
Finale: 17. juli Spydkast
Finale: 22. juli Sjukamp
17. og 18. juli Kjelder
|