Kvar song på albumet vert tona ut. Albumet inneheld òg ein ny studioversjon av «Hush» til minne om 20-årsjubileet. «Black Night» vart òg spelt inn på ny, men ikkje gjeven ut. «Hard Lovin' Woman» inneheldt delar av «Under The Gun» under gitarsoloen til Blackmore. «Strange Kind of Woman» inneheld refrenget frå «Superstar» frå Jesus Christ Superstar. «Woman from Tokyo» glir over i «Everyday» (Buddy Holly) halvvegs gjennom. Albumet representerte setlista til Deep Purple på den tida, som bestod av mykje det same som Made in Japan, i tillegg til nyare songar frå gjenforeiningsalbuma Perfect Strangers og The House of Blue Light. Songar som «The Unwritten Law» og «Difficult To Cure» vart spelt på kvar konsert, men er ikkje med på dette albumet.