«Hush» er ein song skriven av den amerikanske musikaren Joe South for Billy Joe Royal. Royal gav songen ut som singel og denne nådde 52. plass på Billboard Hot 100 i 1967.[1] Refrenget byrjar med «Hush, hush, I thought I heard her calling my name», som er henta frå ein tradisjonell gospelsong.
Deep Purple-versjonen
Songen vart så spelt inn av det britiske hardrockbandet Deep Purple for debutalbumet deira Shades of Deep Purple i 1968. Songen vart den første hitsingelen deira og nådde fjerdeplass i USA og andreplass i Canada, medan han selde dårleg i Storbritannia.
For å feire 20-årsjubileet til bandet, spelte Deep Purple songen inn på ny i 1988 for albumet Nobody's Perfect. Songen nådde då 62. plass i Storbritannia og 44. plass på Hot Mainstream Rock-lista i USA.
Andre versjonar
Medverkande
1968-versjonen
1988-versjonen
Kjelder
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Samlealbum | |
---|
Singlar | |
---|
Andre songar | |
---|
Videoalbum | |
---|
Tilknytte artistar | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|
|