Det andre albumet til Journey var ikkje så prega av progressiv rock som det første, og var meir fokusert.[1] Trass i dette har Look into the Future noko av det eksperimentelle aspektet som debutplata hadde,[1] særskild tittelsporet og «I'm Gonna Leave You». Albumet inneheld ein coverversjon av The Beatles-songen «It's All Too Much» frå filmen Yellow Submarine. Tittelsporet var den lengste songen Journey spelte inn fram til 1980, då «Destiny» frå Dream, After Dream vart spelt inn.