Eclipse (stundom skrive ECL1P53) er det 14. og nyaste studioalbumet til det amerikanskerockebandetJourney, og det andre dei gav ut med den filippinske songaren Arnel Pineda.[3] Albumet vart skrive av Neal Schon og Jonathan Cain med somme bidrag frå Pineda, og albumet kom ut 24. mai 2011 i somme land og 3. juni 2011 internasjonalt. Det er det siste albumet deira med trommeslagaren Deen Castronovo og bassisten Ross Valory, som fekk sparken frå gruppa i høvesvis 2015 og 2020.