Leddyr speler mange roller i menneskeleg kultur, sosial åtferd og normer i menneskelege samfunn overført gjennom sosial læring,[1] inkludert som mat og i kunst, soger, mytologi og religion. Mange av desse aspekta gjeld insekt, som er viktige både økonomisk og symbolsk, frå bruken av honningbier til skarabear i det gamle Egypt. Andre kulturelt viktige leddyr er krepsdyr som krabbar, hummarar og kreps, som er populære motiv i kunst, særleg stilleben, og edderkoppdyr som edderkoppar og skorpionar, som har gift som kan ha medisinsk bruk. Krepsen og skorpionen er stjernebilde og astrologiske stjerneteikn i dyrekrinsen.
Gullplakettar som syner biegudinner med venger, kanskje Thriai, funne ved Camiros på Rhodos og datert til 600-talet f.Kr.
Krepsdyr er ei viktig matkjelde, der dei viktigaste sortane er ulike typar tifotkreps: krabbar, hummarar, krepsar og reker. Over 60 % av vekta av alle krepsdyr fanga til konsum er reker. I 2007 stod krepsdyr for rundt 10 700 000 tonn mat. Nesten 80 % blir produsert i Asia, medan Kina åleine produserer nesten halvparten av totalen i verda. Krepsdyr som ikkje er tifotkreps blir ikkje konsumerte så mykje, med berre 118 000 tonn kril fanga, sjølv om kril står for ein av dei største biomassane på jorda.[7][8]
Krabbar utgjer 20 % av alle marine krepsdyr som blir fanga, oppdretta og konsumerte over heile verda, totalt 1,5 millionar tonn årleg. Ein art, Portunus trituberculatus, står for ein femdel av totalen. Andre kommersielt viktige takson er Portunus pelagicus, fleire artar i slekta Chionoecetes, den blå krabben (Callinectes sapidus), Charybdis spp., taskekrabbe (Cancer pagurus), Metacarcinus magister og Scylla serrata, som kvar gjev over 20 000 tonn årleg.[9]
Hummarar blir fanga i teiner merka med bøyer. Ein fiskar etter hummar på djupner mellom 2 og 900 meter, sjølv om nokre av dei lever så djupt som 3 700 meter. Teinene er laga av galvanisert stål dekt med plastikk eller tre. Ein hummarfiskar kan ha ansvar for så mange som 2 000 teiner. Rundt år 2000 byrja ein på grunn av overfiske og stor etterspurnad å utvikla hummaroppdrett.[10] Denne verksemda var vanskeleg å gjera lønsam ettersom hummarar som går saman et kvarandre (kannibalisme), og dei veks sakte.[11]
Edderkoppdyr som edderkoppar, skorpionar og middar blir også brukte som mat over heile verda.[15]Fugleedderkoppar kan steikast til ein delikatesse i Kambodsja,[16] og blir også etne av piaroafolk frå sørleg Venezuela – før dei kan etast må dei irriterande håra, som er den viktigaste forsvarsmekanismen til dyra, fjernast.[17]
Innan vitskapen
Insekt har gjeve idear til vitskap og ingeniørfag, til dømes har kjølesystemet til termittuer blitt etterlikna i arkitekturen.[18]
Edderkoppgift er eit mogleg mindre ureinande alternativ til eldre skadedyrmiddel, ettersom dei er dødelege for insekt men som regel ufarlege for virveldyr. Australske Atracidae-edderkoppar er ei lovande kjelde, sidan dei fleste skadegjerande insekt i verda ikkje har hatt mogleik til å utvikla immunitet mot gifta deira, og desse edderkoppane er lette å halda i fangenskap og utvinna gift frå.[19]
Sidan edderkoppsilke både er lett og sterk, er det gjort forsøk på å produsera han via geitemjølk og i lauvet til plantar ved hjelp av gensløyd.[20][21]
Stjernebildet Cancer, krepsen eller krabben, i illustrasjon frå ca. 1825Mochekrukke med edderkoppbilde, ca. år 300
Leddyr opptrer i folkeminne, mytologi[27] og religion.[28]
Stjernebildet og det astrologiske stjerneteiknet Krepsen har namn etter ein kreps eller krabbe, og er blitt framstilt som desse dyra. William Parsons Rosse teikna Krabbetåka i 1848 og merka seg likskapen hennar med ein krabbe; Krabbe-pulsaren ligg i midten av denne tåka.[29]Mochefolk frå det gamle Peru tilba naturen, særleg havet,[30] og avbilda ofte krabbar i kunsten sin.[31] I gresk mytologi var Karkinos ein krabbe som hjelpte Hydra medan udyret slost mot Herakles. Ein av Rudyard Kipling sine Just So Stories, «The Crab that Played with the Sea», fortel om ein kjempekrabbe som fekk vatnet i havet til å gå opp og ned, som tidvatn.[32]
I den japanske soga «Tawara Tōda Monogatari» drep krigaren Fujiwara no Hidesato ein kjempemessig skolopender, Ōmukade, for å hjelpa ei drakeprinsesse.[33]
To ulike skorpionmotiv som ofte blir vovne inn i tyrkiske kilimar for å verna mot skorpionbitt.
Edderkoppar er blitt omtalte og avbilda i soger, mytologi og kunstverk i mange kulturar.[34] Dei har symbolisert tolmod på grunn av jaktteknikken sin med å laga ein vev og venta på byttedyr, og dessutan vondskap på grunn av dei giftige bita sine.[35] Den italienske dansen tarantella skal visstnok ha blitt dansa for å gjera den unge kvinna som dansa han av med dei lystgjevande effektane til eit bit frå av ulveedderkoppen Lycosa tarantula.[36] Vevspinninga gav også ei tilknyting mellom edderkoppar og ulike skapingssoger, ettersom dei ser ut til å produsera sine eigne verder.[37] Drømmefangarar er gjenskapingar av edderkoppnett. Mochefolket skildra ofte edderkoppar i kunsten sin.[38]
Skorpionen opptrer som stjernebildet og det astrologiske stjerneteiknet Skorpionen i dyrekrinsen. Dette blei skapt av babylonske astronomar rundt 600 f.Kr.[39] I Sør-Afrika og Sør-Asia er skorpionen kulturelt viktig og finst som motiv i kunst, og ein finn han særleg i islamsk kunst frå Midtausten.[40] Eit skorpionmotiv blir ofte vove inn i tyrkiske kilimteppe som vern mot bita deira.[41] Skorpionen kan både vera den personleggjorte vondskapen og ei vernande kraft mot vondskap.[40] I ein annan kontekst kan skorpionen stå for seksualitet.[40] Skorpionar blir brukte i sørasiatisk folkemedisin, særleg som motgift mot skorpionbit.[40] I det gamle Egypt blei gudinna Serket ofte framstilt som ein skorpion, og var ei av fleire gudinner som verna om farao.[42]
Kunst, litteratur og musikk
Ein finn insekt i kunst,[43] litteratur, film[44] og musikk.
«Lobster Quadrille», eller «The Mock Turtle's Song», er ein song med ein dans til som blir resitert av Mock Turtle i Alice's Adventures in Wonderland.[45]
SurrealistkunstnarenSalvador Dalí laga ein skulptur kjend som Hummartelefon med ein hummar i staden for talerøyret.[46] Den surrealistiske filmskaparen Luis Buñuel brukte skorpionar i den klassiske filmen sin L'Age d'or (1930).[47]
Galleri
Krepsdyr i den romerske mosaikken i 'Huset med den dansande faunen' i Pompeii (før år 79)
Stilleben med krabbe, reker og hummar, Clara Peeters, ca. 1600
Fisk, østers, ein krabbe og ein hummar med kattar, Jan Fyt, ca. 1650
↑Meyer-Rochow V.B., Nonaka K., Boulidam S. (2008). «More feared than revered: Insects and their impacts on human societies (with specific data on the importance of entomophagy in a Laotian setting». Entomologie Heute20: 3–25. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
↑Global Steak - Demain nos enfants mangeront des criquets (fransk dokumentar frå 2010)
↑E.M. Costa-Neto, N.T. Grabowski (27 November 2020): Edible arachnids and myriapods worldwide – updated list, nutritional profile and food hygiene implications. I: Journal of Insects as Food and Feed: 0 (0), s. 1-20. doi: https://doi.org/10.3920/JIFF2020.0046
↑Ray, N. (2002). Lonely Planet Cambodia. Lonely Planet Publications. s. 308. ISBN978-1-74059-111-9.
↑Balée William (2000). «Antiquity of Traditional Ethnobiological Knowledge in Amazonia: a Tupí–Guaraní Family and Time». Ethnohistory47 (2): 399–422. doi:10.1215/00141801-47-2-399.
↑Katherine Berrin; Larco Museum (1997). The Spirit of Ancient Peru:Treasures from the Museo Arqueológico Rafael Larco Herrera. New York: Thames and Hudson. s. 216. ISBN978-0-500-01802-6.