Rudyard Kipling
Joseph Rudyard Kipling (30. desember 1865–18. januar 1936) var ein britisk forfattar. Han er kjend for barnebøker som Jungelboka (1894), Kim (1901) og Just So Stories (1902), dikt som «If—» og «The White Man's Burden», og fleire noveller frå Britisk India, og skreiv også reportasjar og reiseskildringar. Kipling blei tildelt Nobelprisen i litteratur i 1907 som den fyrste engelskspråklege og den yngste nokonsinne. Han blei også tilbode britiske riddarordenar og stillinga som Poet Laureate (statsdiktar), noko han takka nei til. Kipling var svært godt likt for dikta og forteljingane sine i si levetid, men blei mot slutten av tida for Det britiske imperiet sett på som meir av ein «profet for britisk imperialisme».[1] Mange av verka hans blei sett på som unødig brutale og fordomsfulle. Barnelitteraturen har derimot overlevd og vidareført til nye medium som film og fjernsyn, til dømes Mowgli og Rikki-Tikki-Tavi frå Jungelboka og guteboka Kim. Verkliste(ufullstendig)
Kjelder
BakgrunnsstoffRessursar
Arbeid av Kipling på nettet
|