Hn/A Hat in Time
A Hat in Time er eit plattform- og spenningsferdspel i 3D, utvikla av Gears for Breakfast og gjeven ut 5. oktober 2017 på Windows og macOS og to månader seinare på PlayStation 4 og Xbox One av Humble Bundle.[1][2][3][4] I oktober 2019 kom det ut på Nintendo Switch. Spelet er påverka av plattformspel sum Super Mario 64, Banjo-Kazooie, Spyro the Dragon og Psychonauts, og vart bygt i Unreal Engine 3.[5] Det var stødd gjenom ei Kickstarter-verksemd, og nådde tvo gonger so mykje av dei upphavlege innsamlingsmåli etter dei fyrste tvo dagane.[6] Hugskotet til spelet vart fyrst tenkt ut av Jonas Kaerlev grunna ein, på den tidi, mangel på nye 3D-plattformspel, serleg sum spel Nintendo pla å gjeva ut på 90-talet. HandlingI byrjingi av A Hat in Time møter spelaren Hat Kid (Hattungen), ei liti gjenta sum er på veg heim frå ein ferd med romskipet sitt. Ho kjem nær ein planet, sum fær mafiaen på himmellekamen til å krevja skatt frå henne. Det neittar ho å tinga, og med det røskar Mafia-mannen upp dyri på romskipet. Hat Kid vert dregen or romskipet, saman med Mafia-mannen og mange av Time Piece-ane (magiske timeglas sum er drivstoffet i skipet). Hat Kid landar i Mafia Town og møter Mustache Girl (Bartgjenta). Mustache Girl skaper vandskar i Mafia-byen, for di ho er imot «slemmingar». For at Mustache Girl skulle hjelpa Hat Kid med å leita etter timeglas, vil Mustache Girl at Hat Kid hjelper henne med å få bort Mafiaen frå øyi, og slå sjefen. Når Mustache Girl finn ut at timeglasi dreg tidi attende, kjem hugskotet um å verta ein tidsreisande helt saman med Hat Kid. Detta vil ikkje Hat Kid, for di det kan føra til store skadar på tidslaupet. Mustache Girl vert arg, og gjeng imot Hat Kid, for so å taka timeglasi for seg sjølv. No må Hat Kid finna alle timeglasi fyrr Mustache Girl gjer det, og koma seg heim. UtviklingUtviklingi av spelet byrja i august 2012, upphavleg planlagd å koma ut i andre kvartal i 2013, men vart sett på vent. Fyrst var det berre Jonas Kærlev sum utvikla spelet, men med kvart voks gruppa, og kalla seg til slutt "Gears for Breakfast", heilt friviljug. InntrykkAt Kickstarter-kampanjen åt A Hat in Time kom til å få eit so gott utfall sum det gjorde, venta ikkje Kærlev eller Gears for Breakfast i det heile. Kærlev havde lite tru på at det kom til å verta serleg ettertrakta, millom anna på grunn av påverknaden Donkey Kong 64 havde på plattformgreini, sum han tenkte overvelda spelaren med altfor stor vekt på innsamling av ulike emne. Fotnotar
Bakgrunnsstoff |