Go Your Own Way
«Go Your Own Way» er ein song av det britisk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac, gjeven ut som singel i januar 1977 og på albumet Rumours. BakgrunnSongen er skriven av Lindsey Buckingham og var den første singelen frå albumet. Buckingham hadde høyrt på «Street Fighting Man» av the Rolling Stones og tenkt at den måten å spele trommer på ville passe bra. Ken Caillat, som var produsent på innspelinga, hugsar at Mick Fleetwood i starten hadde store vanskar med trommene. «Eg hugsar eg såg han medan han prøvde å forklare Mick kva han ønskte - han var særs livleg, som ein liten gut, medan han spelte lufttrommer og krøllane hans spratt i alle retningar. Mick var ikkje sikker på at han kunne spele det Lindsey ønskte, men han gjorde ein flott jobb, og songen tok av.»[1] Då songen først vart spelt av B. Mitchell Reed, ein populær radioprogramleiar i Los Angeles, var han ikkje imponert. «Eg er ikkje sikker på den der» sa han til millionar av lyttarar. Buckingham kontakta Reed og kravde å få vite kva problemet var og fekk som svar «Eg finn ikkje rytmen». Både Fleetwood og Buckingham tok skulda for dette.
Buckingham meiner problemet var den akustiske gitaren han la på i siste minutt.
Likevel klatra songen til ein 10. plass på Billboard Hot 100, og vart den første hitten deira i USA på topp 10.[3] I Storbritannia nådde singelen berre 38. plassen. Han vart likevel populær i Storbritannia over tid og mykje spelt på radio. Singelen gjekk då inn på lista att ved fleire høve. Songen nådde òg toppen av lista i Nederland. Songen er rangert på 120. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene[4] og er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.[5] TekstenSongen handlar om det kompliserte forholdet som Buckingham og Fleetwood Mac-medlem Stevie Nicks hadde.[6] B-sida til singelen, Silver Springs, var skriven av Nicks. Den handlar om det same temaet og vert ofte rekna som eit svar til A-sida. Medverkande
Alle utgjevingar
Andre versjonar«Go Your Own Way» er blitt spelt av NOFX,[7] The Lumineers,[8] Vomit Launch,[9] Seaweed,[10] The Cranberries,[11] Jellyfish,[12] Jennifer Brown,[13]Wilson Phillips,[14] Biffy Clyro, Carrie Underwood, Boy George, Kate Ceberano, Silverstein, Gloriana, Keane, Jets to Zurich, Lea Michele, Lissie, The Head and the Heart,[15] Colbie Caillat, Kingswood og Art of Dying. Sampling
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|