Forrest GumpForrest Gump er tittelen på ein roman frå 1985, skriven av Winstoon Groom, og ein film med same namn frå 1994. Forteljinga handlar om Forrest Gump som trass i avgrensa intelligens oppnår å verte toppidrettsmann, krigshelt og framgangsrik forretningsmann, sjølv om det han eigentleg vil er at den store kjærleiken hans, Jenny, skal ha det bra. Filmen om Forrest Gump skil seg frå boka i stor grad. Han skildrar livet til ein enkel mann i møte med viktige historiske hendingar og personar. Filmen blei regissert av Robert Zemeckis med Tom Hanks i hovudrolla. Han vann til saman 6 Oscar-statuettar, mellom andre for beste film, beste mannlege skodespelar og beste regissør, men også for beste filmmusikk. Filmmusikken vart komponert av Alan Silvestri. I Noreg fekk filmen Amandaprisen for beste utanlandske film. Den norske omsetjinga av boka, gjort av Torstein Bugge Høverstad, kom ut på norsk på Hjemmets bokforlag same året som filmen. Personar
|