Get Off of My Cloud
«Get off of My Cloud» er ein song av The Rolling Stones. Han vart skriven som ein oppfølgjar til den særs populære «(I Can’t Get No) Satisfaction». Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards og vart spelt inn tidleg i september 1965. Songen er kjend for trommeintroen av Charlie Watts og dei doble gitarane til Brian Jones og Keith Richards.[1] Teksten er utfordrande og opprørsk, som var vanleg for the Rolling Stones på denne tida, då dei starta å dyrke «bad boy»-imaget. The Stones har sag at songen kom som ein reaksjon på den bråe populariteten etter suksessen med «Satisfaction». Songen omhandlar motviljen deira mot forventningane folk hadde til dei.
Richards sa i 1971 at han ikkje var særleg nøgd med måten dei gjorde songen på. Dei var i Los Angeles og trong ein oppfølgjar til «Satisfaction», noko som i følgje Richards var som å «hoppe etter Wirkola». Han meinte òg at det var ein av dei verste produksjonane til Andrew Loog Oldham.[2] Songen toppa listene i både USA og Storbritannia i vekene etter han kom ut hausten 1965. I Noreg stoppa songen på andreplass på VG-lista, der han låg fire veker bak «Yesterday» av The Beatles. Totalt låg songen 13 veker på Topp 10. Medverkande
Salslister
UtgjevingarRolling Stones-album
Andre utgåver
Kjelder
Bakgrunnsstoff |