Doom and Gloom
«Doom and Gloom» er den første singelen frå GRRR!, eit samlealbum i høve 50-årsjubileet til The Rolling Stones. Han hadde premiere på BBC Radio 2 den 11. oktober 2012. Songen markerte første gongen Mick Jagger, Keith Richards, Charlie Watts og Ronnie Wood hadde vore i studio i lag på sju år, etter albumet A Bigger Bang var ferdig i 2005.[1] Ein video med tekst kom ut på YouTube same dagen.[2] Songen nådde 61. plassen på UK Singles Chart, 26. plassen på Billboard Japan Hot 100 og 30. plassen på Billboard Rock Songs-lista i oktober 2012. Rolling Stone kåra «Doom and Gloom» til den 18. beste songen i 2012.[3] Songen vart spelt under rulleteksten til filmen A Good Day to Die Hard. KomposisjonOpningsriffet på songen vert spelt av Jagger.[4] Richards kommenterte at Jagger var drivkrafta bak songen og at Jagger spelte opningsriffet: «Eg bryr meg ikkje. Han hadde aldri lært seg å spele gitar utan eg viste han korleis han skulle gjere det.»[5] MusikkvideoEin musikkvideo for songen kom ut 20. november 2012 og var regissert av Jonas Åkerlund i Cité du Cinéma i Saint-Denis med Noomi Rapace. Medverkande
Andre medverkande
Salslister
Kjelder
Bakgrunnsstoff |