Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Flashpoint av Tangerine Dream

Flashpoint
Filmmusikkalbum av Tangerine Dream
Utgjeve 1984
Innspelt 1984
Sjanger Elektronisk musikk
Lengd 37:07
Selskap EMI
Tangerine Dream-kronologi 
Firestarter
(1984)
Flashpoint Poland
(1984)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]
Kerrang!3/5 stars[2]

Flashpoint er det 23. albumet og sjette filmmusikkalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream.[3] Albumet inneheld musikk frå filmen Flashpoint med Kris Kristofferson, Treat Williams, Rip Torn og Tess Harper i rollene.

Då regissøren William Tannen hyrte Tangerine Dream til å lage musikken for filemn, sa han at det ikkje var naudsynt å lage musikk til rulleteksten, fordi han alt hadde ein song han skulle bruke, «Sympathy for the Devil» av The Rolling Stones. Då filmstudioet kom fram til at det vart for dyrt å bruke Rolling Stones-songen, gav dei oppgåva til ein assistent som arbeidde for ein av visedirektørane i selskapet. Denne songen, «Flashpoint» av The Gems, vart kåra til den verste rulletekstsongen for 1984 av filmkritikaren Leonard Merlin.[3]

Det kom ut ei CD-utgåve på selskapet Heavy Metal i 1984, men denne vart raskt trekt attende på grunn av ein produksjonsfeil som gjorde at CD-en ikkje var spelbar. Albumet kom ikkje ut på CD att før i 1995.

Innhald

Alle spor skrivne av Edgar Froese, Chris Franke, Johannes Schmoelling

Nr.TittelLengd
1.«Going West»4:10
2.«Afternoon in the Desert»3:35
3.«Plane Ride»3:30
4.«Mystery Tracks»3:15
5.«Lost in the Dunes»2:40
6.«Highway Patrol»4:10
7.«Love Phantasy»3:40
8.«Mad Cap Story»4:00
9.«Dirty Cross Roads»4:20
10.«Flashpoint» (komponert og framført av The Gems)3:47

Medverkande

Kjelder

  1. McDonald, Steven. Flashpoint av Tangerine DreamAllmusic
  2. Dome, Malcolm (4. april 1985). «Tangerine Dream 'Flashpoint'». Kerrang! (London: Morgan Grampian) 91: 9. 
  3. 3,0 3,1 «Flashpoint». Voices in the Net. Henta 10. juli 2020. 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya