Der Meteor
Der Meteor er det 60. albumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream.[1] Det kom ut i 1997. Der Meteor var den første og einaste utgjevinga av ti planlagde science fiction-lydbøker for barn på tysk. CD-plata kom ut utan katalognummer, og ei offisiell utgjeving vart utsett til ein seinare dato. Heile prosjektet vart skrinlagd og det har ikkje kome ut andre utgjevingar i serien. Soga på denne plata fortel om korleis Jim og Pablo øydelegg ein meteor som gjer at menneske og dyr oppfører seg rart. Teksten var skriven av dataassistenten til Tangerine Dream, Peter Liendl, medan bandet laga korte musikalske klipp. Ideen kom frå Rumpelstiltskin-prosjektet i 1992. Der Meteor inneheld ingen reine musikkspor og materialet til bandet vert berre brukt som bakgrunnsmusikk eller mellommusikk. Noko av musikken kom ut på albumet Light Flux i 2017. Innhald
Medverkande
Kjelder
|