Flaming av Pink Floyd
«Flaming» er ein song av det psykedeliske rockebandet Pink Floyd og kom ut på debutalbumet deira The Piper at the Gates of Dawn i 1967. Songen, som er skriven av Syd Barrett, er i hovudsak ein barneliknande leik mellom to vener, derfor «Lazing in the foggy dew». Etter David Gilmour vart med i bandet vart songen verande på spelelista deira ei kort stund i 1968. Dette var òg den tredje singelen til Pink Floyd i USA. Singelen gjekk ikkje inn på lista. Mono-miksen frå singelen er noko annleis enn andre stereo- eller monoversjonar av songen. Singelen vart gjeven ut i USA i staden for «Apples and Oranges» med «Paint Box» som B-side. Det var den første singelen til Pink Floyd som ikkje vart gjeven ut i Storbritannia. Den andre singelen var «Let There Be More Light». I songen vert det referert til edderdun, eiderdown. Fleire andre Pink Floyd-songar inneheld òg slike referansar, som «Julia Dream» og «A Pillow of Winds». «Alone in the clouds all blue Syd Barrett (1967)
Medverkande
Kjelder
|