Time av Pink Floyd
«Time» er ein song av det britiske rockebandet Pink Floyd på albumet deira The Dark Side of the Moon frå 1973, og er den einaste songen på albumet som er tilskriven til alle fire medlemmane. Han er kjend for den lange introen med ringande klokkar og alarmar, som vart spelt inn som ein stereotest av Alan Parsons, og ikkje laga spesifikt for albumet. Songen er ein memento mori som skildrar fenomenet om at tida tilsynelatande går fortare når ein vert eldre, og at dette stundom fører til fortviling på grunn av moglegheiter ein ikkje greip i tidlegare år. KomposisjonAnd then one day you find ten years have got behind you. Roger Waters (1973)
Songen opnar med eit hav av klokker og alarmar som ringer og kimar. Kvar klokke vart spelt inn separat i ein antikvitetsbutikk. Etter dette følgjer eit to minutt langt og skummelt parti, som vert dominert av Nick Mason sine rototommar. David Gilmour syng solovokalen på versa, medan Richard Wright syng refrenget med kvinnelege koristar. Teksten til Roger Waters handlar om at livet ikkje går ut på å førebu seg på det neste som skjer, men om å ta kontroll over sin eigen lagnad. Gilmour spelar ein gitarsolo over same akkordprogresjon som i versa og refrenget. Gitarsoloen vert rekna for å vere ein av Gilmour sine aller beste, og ein av dei beste gitarsoloane i rockehistoria. Songen glir rett over i «Breathe (Reprise)», som alltid er på same spor på plata. Fakta
Medverkande
med:
Andre versjonar
Kjelder
|