Fables of the Reconstruction
Fables of the Reconstruction er eit musikkalbum frå den amerikanske rockegruppa R.E.M. som vart gjeve ut i 1985. Trass i eit veksande publikum og gode kritikkar etter dei to fyrste albuma, Murmur og Reckoning, valde R.E.M. å gjere merkbare endringar i musikkstil og opptaksvanar, dei fekk ny produsent (Joe Boyd) og ny opptaksstad (London i England). Joe Boyd var mest kjend for arbeidet sitt med moderne engelske folkmusikarar, som Fairport Convention og Nick Drake. Likevel vart Fables of the Reconstruction ei plate etter R.E.M. sin standard. Tekstane omhandlar mytologien og landskapet i sørstatane i USA. Tittelen, Fables of the Reconstruction eller Reconstruction of the Fables, kan referere både til oppattbyggingstida etter den amerikanske borgarkrigen, og til den litterære prosessen dekonstruksjon. Framsidebiletet på Fables of the Reconstruction er eit foto av ei brennande bok, i tillegg til foto av dei fire bandmedlemmene. InnhaldAlle tekstane og melodiane er ved Bill Berry, Peter Buck, Mike Mills og Michael Stipe, om ikkje anna er oppgjeve.
Manglande apostrofar (og feil sporrekkjefølgje på platecoveret) er gjort med vilje, slik det også er gjort på det neste albumet deira, Lifes Rich Pageant. |