Accelerate
Accelerate er eit musikkalbum av den amerikanske musikkgruppa R.E.M. som vart utgjeve i 2008. Arbeidet med albumet byrja tidleg i 2007. Bandet starta innspelinga saman med produsent Jacknife Lee i Vancouver og Dublin, der dei spela fem kveldar mellom 30. juni og 5. juli i Olympia Theatre, som ein del av ei «øving til arbeidet». Albumet debuterte som nummer to på Billboard-listene, og vart det åttande albumet til bandet som toppa dei britiske albumlistene. Musikkmeldaren i Rolling Stone, David Fricke, rekna Accelerate for å vere ei betring etter dei andre albuma som hadde kome etter at Berry hadde slutta. Han kalla det «ei av dei beste platene R.E.M. nokon gong har laga.»[1] InnhaldAlle tekstane og melodiane er ved Peter Buck, Mike Mills og Michael Stipe.
Kjelder
Fotnotar
|