Don't Look Down er det femte studioalbumet til det amerikanske southern rock/countryrockbandetThe Ozark Mountain Daredevils. Bandet mista eit nytt opphavleg medlem, Buddy Brayfield, men la til tre nye musikarar, inkludert songaren, gitaristen og den mangeårige venen Steve Canaday, som eigde New Bijou og var viktig i oppstarten til bandet. Dei spelte òg inn albumet med ny produsent, David Kershenbaum.
Trass i at songen «Following The Way That I Feel» vart rekna som den sterkaste popmelodien i katalogen deira, selde ikkje Don't Look Down så mykje som venta og The Ozark Mountain Daredevils vart droppa frå A&M Records og gjekk til Columbia Records.