Bugøynes
Bugøynes (finsk/kvensk Pykeijä, nordsamisk Buođggák) er ein stad og det einaste fiskeværet i Sør-Varanger kommune i Finnmark fylke. Det bur om lag 200 personar i Bugøynes. Bugøynes vert òg gjerne kalla «Vesle-Finland» (Pikku-Suomi). Den lokale forfattaren Alf Salangi har omtalt henne som «Pikku-Finland».[1] HistorieBygda vart folkesett av finske innvandrarar på 1800-talet. Finsk er eit språk som enno er i dagleg bruk i bygda, men etterkvart er det berre blitt eldre folk som snakkar bugøynesfinsk.[1] Bugøynes er ein av få stader som unngjekk å verte nedbrent av tyske soldatar då dei trekte seg tilbake frå Nord-Troms og Finnmark under den andre verdskrigen. Staden er derfor prega av tett trehusbusetnad. Bugøynes kapell vart innvigd i 1989. Då fiskebruket vart seld på tvangsauksjon i 1989, averterte folket heile bygda til sals i dei største avisene i landet. Det var eit rop om hjelp. I den seinare tida har kongekrabben vorte ein viktig ressurs for bygda, og har snudd pessimismen til optimisme. Her finst òg slipp og steintak for Statens hamnevesen. Kjelder
Bakgrunnsstoff
|