Varangerbotn
Varangerbotn (nordsamisk Vuonnabahta)[1] er ei bygd og administrasjonssenter i Nesseby kommune i Aust-Finnmark i Finnmark fylke. Staden ligg inst i Varangerfjorden.[2] Grunnkrinsen Varangerbotn hadde 341 innbyggjarar den 1. januar 2017.[3] Europaveg 6 går gjennom staden, medan Europaveg 75 startar her på veg austover mot Vardø. HistorieUnder andre verdskrigen skipa okkupasjonsmakta ein fangeleir i Vesterelv. Dei siste kampane mellom sovjetiske og tyske styrkar i Noreg stod i Varangerbotn den 6. november 1944.[4] KulturHer ligg Varanger samiske museum (samisk Varjjat Sami Musea). Museet viser samisk kultur i Finnmark. Det består mellom anna av Amtsmannsgammen (med båthus, fartøy og samisk handverk) og Isak Saba-huset, barndomshuset til den første samiske representanten på Stortinget. Han vart vald til på Stortinget for Arbeidarpartiet og sat der frå 1906 til 1912. Kjelder
|