Benoît David
Benoît David (fødd 19. april 1966) er ein canadisk progressiv rock-vokalist, mest kjend som tidlegare vokalist for Yes. Han starta samarbeidet sitt med bandet som gjestevokalist under «In The Present»-turneen i 2008–2009. David vart 15. oktober 2009 presentert som offisielt medlem av Yes. Han slutta i bandet i februar 2012, etter at han fekk problem med stemma Europa-turnen til bandet hausten og vinteren 2011.[2] Han er òg medlem av bandet Mystery, og var frå 1994 til 2009 med i Yes-coverbandet Close to the Edge.[3] Benoît David var våren og sommaren 2010 med på USA-turneen til Yes, og bandet starta hausten 2010 innspelingar av albumet Fly from Here med David som vokalist. Albumet vart gjeve ut sommaren 2011.[4] Han er òg vokalist på konsertalbumet In the Present – Live from Lyon, som vart spelt inn i desember 2009 og gjeve ut i november 2011. DiskografiYes
Mystery
Kjelder
Bakgrunnsstoff |