Angéla Németh
Angéla Németh, gift Ránky, (18. februar 1946–5. august 2014) var ein ungarsk friidrettsutøvar som vart olympisk meister i spydkast i 1968 og europeisk meister i same øvinga i 1969. AktivUnder sommarleikane 1968 i Mexico by byrja finalen i spydkast nett som fire åre tidlegare; rumenske Mihaela Peneș tok leiinga etter forsøka i fyrste omgang. I andre omgang kasta Angéla Németh 60,36 meter, noko som vart det einaste 60-meterskastet i heile tevlinga. Németh vann då gullmedaljen framom Mihaela Peneș og Eva Janko frå Austerrike. Etter å ha gifta seg til namnet Angéla Ránky gjorde ho sommaren 1969 sitt lengste spydkast noko gong, kastet mælte 60,58 m. Seinare i sesongen deltok ho i EM i Aten. Her nådde ho 59,76 m i sitt lengste kast og tok EM-gullet framfor landskvinna Magdolna Vidos. I den neste europameisterskapen i Helsingfors i 1971 vart Ránky nummer fire med 57,44 m. Ho lukkast ikkje i kvalifiseringa til OL-finalen 1972, med 53,48 m var ho 14 cm ifrå å sikre seg finaleplass. Ho vart ungarsk meister i spydkast i 1968, 1969 og 1971. Kjelder
|