Friidrett under Sommar-OL 2012![]() ![]() ![]() Friidrettsøvingane under Sommar-OL 2012 i London vart avvikla i tida 3. til 12. august 2012. Det vart tevla i 47 øvingar, 24 for menn og 23 for kvinner, nett som førre sommar-OL i Beijing. Alle dei 42 baneøvingane fann stad på olympiastadion (Olympic Stadium) i Aust-London, medan dei fem gatetevlingane; tre i kappgang og to i maraton, starta og enda i hovudgata The Mall i sentrum av London. 1160 menn og 1071 kvinner var påmelde til friidrettsøvingane, til saman 2 231 deltakarar frå 201 land. Sleggjekastaren Oleksandr Dryhol var eldste deltakar med sine 46 år, medan sprintaren Cristina Llovera frå Andorra på 15 år og 10 månader var den yngste. I desse leikane vart det sett fire nye verdsrekordar i friidrett. David Rudisha frå Kenya forbetra sin eigen verdsrekord på 800 meter til 1.40,91. Så vart det sett nye verdsrekordar på 4 x 100 m stafett både for kvinner og menn; fyrst knuste USA ved Tianna Madison, Allyson Felix, Bianca Knight og Carmelita Jeter den 27 år gamle rekorden til Aust-Tyskland på 41,37 sekundar, ny rekordtid 40,82, og dagen etter forbetra Jamaica sin eigen årsgamle rekord då laget vart det fyrste under 37 sekundar i øvinga med sine 36,84 sekundar. Rekordsetjarane var Nesta Carter, Michael Frater, Yohan Blake og Usain Bolt. Same dag flytta kappgjengaren Jelena Lasjmanova verdsrekorden på 20 km ned seks sekundar til 1.25.02. Menn100 meter
Finale: 5. august 2012. Tyson Gay, som opphavleg vart nummer fire med 9,80, testa positivt i dopingkontroll.
200 m
Finale: 9. august 2012
400 m
Finale: 6. august 2012
800 m
Finale: 9. august 2012
1500 m
Finale: 7. august 2012
5 000 meter
Finale: 11. august 2012
10 000 m
4. august 2012
Maraton
12. august 2012
110 meter hekk
Finale: 8. august 2012
400 m hekk
Finale: 6. august 2012
3 000 meter hinder
Finale: 5. august 2012
4 × 100 m stafett
Finale: 11. august 2012. USA vart tildelt sølv, men i 2015 vart medaljen annullert då Tyson Gay var dopa.
4 × 400 m stafett
Finale: 10. august 2012
20 km kappgang
4. august 2012
50 km kappgang
11. august 2012
Høgdehopp
Finale: 7. august 2012
Stavhopp
Finale: 10. august 2012
Lengdehopp
Finale: 4. august 2012
Tresteghopp
Finale: 9. august 2012
Kulestøyt
Finale: 3. august 2012
Diskoskast
Finale: 7. august 2012
Sleggjekast
Finale: 5. august 2012
Spydkast
Finale: 11. august 2012
Tikamp
9. august 2012
Kvinner100 meter
Finale: 4. august 2012
200 m
Finale: 8. august 2012
400 m
Finale: 5. august 2012 Krivosjapka sin sjettplass annullert i 2017. 800 m
Finale: 11. august 2012. Jelena Arsjakova frå Russland, som med 1.59,21 vart nummer seks, vart i 2013 utestengd for unormale verdiar i sitt biologiske pass og plasseringa annullert. 1500 m
Finale: 10. august 2012 Medaljane til nr 1 og 2 i løpet vart annullerte i 2016. 5000 m
Finale: 10. august 2012 10 000 meter
3. august 2012 Maraton
5. august 2012 20 km kappgang
11. august 2012 100 meter hekk
Finale: 7. august 2012 400 m hekk
Finale: 8. august 2012
3 000 meter hinder
Finale: 6. august 2012 Zaripova si gullmedalje vart annullert i 2016. 4 × 100 meter stafett
Finale: 10. august 2012 4 × 400 meter stafett
Finale: 11. august 2012 Russland sitt resultat vart annullert i 2017. Høgdehopp
Finale: 11. august 2012 Stavhopp
Finale: 6. august 2012
Lengdehopp
Finale: 8. august 2012 Tresteghopp
Finale: 5. august 2012
Kulestøyt
Finale: 6. august 2012 Ei veke etter tevlinga vart Nadzeja Ostaptsjuk fråkjend gullmedaljen (21,36 m) for positiv prøve på anabolika. IOK annullerte i 2016 Jevgenija Kolodko si sølvmedalje etter retesting av doping-prøva. Diskoskast
Finale: 4. august 2012 Pisjtsjalnikova sitt resultat, 67,56 m, vart annullert i 2013 Sleggjekast
Finale: 10. august 2012 Spydkast
Finale: 9. august 2012 Sjukamp
4. august 2012 Kjelder
|