Alexander Seippel
Heinrich Julius Manfred Alexander Seippel (22. januar 1851–22. april 1938) var ein norsk filolog, folkeminnesamlar og bibelomsetjar. Alexander Seippel er i dag best kjend for å ha stått for om lag halvparten av den første nynorske bibelomsetjinga som Studentmållaget i Oslo gav ut 1921. BakgrunnSeippel var fødd i Kristiansand som son av en tysk forretningsmann. Han voks opp i Kristiansand Frøysnes. I 1868 tok han artium og i 1873 vart han cand.mag. etter studier i gresk og latin. Deretter følgde om lag 12 år med studie og studiereiser før han i 1886 vart utnemnd til professor i semittiske språk ved Universitetet i Oslo. Virke![]() Som språkforskar gjorde Seippel ein stor innsats ved at han samla omtale av Norden og nordiske tilhøve i arabiske skrifter. Arbeidet vart utgjeve i 2 band Rerum Normannicarum fontes Arabici, i 1896 og 1928. Seippel skreiv sjølv lyrikk, han samla stev i Setesdal, og gjendikta lyrikarar som Hafiz og Omar Khayyam. Då Fyrebilsbibelen vart utgjeven av Studentmållaget i 1921, stod Seippel bak halvdelen av omsetjinga. Det fyrste offentlege forsøket hans var Fyrste Mose-bok eller Upphavs-boki. Umsett fraa grunn-teksti, utgjeven i 1905 som vedlegg til Syn og Segn.
Han vart Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1896, og forfremja til Kommandør i 1938. Han vart medlem av Det Norske Vitenskaps-Akademi i 1897, og vart utnemnd til statsstipendiat då han vart pensjonert i 1922. Alexander Seippel døydde i Oslo. Kjelder
Bakgrunnsstoff
|