Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Setesdal

Åraksfjorden til høgre, Segberg oppe til venstre, Nordenå i framgrunnen.
Foto: Olav Haugetveit

Setesdal er ei nemning på dalføret langs Otravassdraget. Vassdraget har utspringet sitt lengst nord i Agder fylke.

Namnet Setesdal vart opphavleg brukt berre om dei to kommunane lengst nord i fylket, Bykle og Valle. Området sør for dette vart kalla Otrudal. I neste omgang forskauv grensa for Setesdal seg sørover til Bygland med Byglandsfjord. Ein brukte då omgrepa Øvre og Nedre Setesdal.

I dag reknast heile dalføret frå Bykle til og med kommunane Iveland og Evje og Hornnes til Setesdal. Meir enn 50 % av arealet i fylket høyrer til Setesdalskommunane.

Riksveg 9, Setesdalsvegen, går frå Kristiansand i sør, opp gjennom heile Setesdalen til han møter E134 ved Haukeligrend i Telemark i nord. Setesdalsbanen er jarnbanestrekninga mellom Kristiansand og Byglandsfjord i Setesdal. Strekninga var i ordinær drift mellom 1896 og 1962.

I den geistlege inndelinga av landet finst Otredal prosti som omfattar følgjande prestegjeld og sokn langs Otra:

Vennesla prestegjeld

Evje prestegjeld

Bygland prestegjeld

Valle prestegjeld

Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya