Åpen post var eit norsk talkshow som gjekk på NRK1 frå 1998 til 2001 og vart leia av Bård Tufte Johansen og Harald Eia. Programmet hadde premiere tysdag 20. januar 1998.
I fyrste sesong vart det vist tre sendingar i veka, medan ein i andre sesong gjekk ned til to sendingar. I tredje og fjerde sesong vart programmet kutta ned til ei sending i veka.
Programmet fekk gode meldingar av kritikarane og vann Gullruten i 1998 og 1999 for «Beste humorprogram». Programmet vart nominert til Gullruten for beste «Beste humorprogram/situasjonskomedie» i 2001,[1] og for «Beste underholdningsprogram» i 2002.
Programmet
Struktur
Programmet vart opna med ein monolog av programleiar Bård Tufte Johansen. Deretter var det ulike innslag med både karakterar spelt av Tufte Johansen og Eie, i tillegg til andre. I starten av fyrste sesong hadde programmet to gjestar som var intervjua kvar kveld, medan ein i andre halvdel varierte med talet på gjestar. I nokre program var det musikalske innslag med artistar.
Faste innslag
«Jarle Yggeseth»
Egil Birkeland i karakteren «Jarle Yggeseth» var eit innslag med jamne mellomrom i Åpen post.[2][3] Fyrste gong karakteren vart vist, var i den fyrste episoden og i innslaget «Vis meg ditt medisinskap».
Stand-up
Tufte Johansen og Eia gjorde med jamne mellomrom stand-up som ulike karakterar, blant anna Tufte Johansen som «Ketil Mosleth» og Eia som «Thomas-Andre»
Den fyrste sesongen av Åpen post opna med 151 000 sjåarar.[4] Programmet hadde sjåarrekord i fjerde sesong med 622 000 sjåarar.[5]
Kritikk
Programmet fekk kritikk for fleire av innslaga i programmet, blant anna eit stunt der Tufte Johansen var ikledd eit kyllingkostyme, og kuppa nyhendesendinga til TV 2.[6][7] Stuntet førte til sjåarrekord for programmet med 622 000 sjåarar.