Zenne
Zenne (eller Senne på (fransk) er ei lita elv som renn gjennom Brussel, og er ei av sideelvene til Dijle. Ho har utspring i kommunen Soignies, og endar til slutt opp i Schelde via Dijle og Rupel). Woluwe er ei av sideelvene til Zenne. Den totale lengda hennar er 103 km. I sentrum av Brussel vart Zenne totalt bygd over på 1800- og 1900-talet. Ho er derimot framleis synleg i utkanten og utanfor byen. Ein gullfarga Iris vart brukt som emblem for Hovudstadsregionen Brussel, sidan ho voks i dei myrlendte slettene rundt elva. Zenne er kjend for å vere ei av dei mest forureina elvene i Belgia, sidan avløpsvatn frå Brussel går ureinska ut i elva. Dette problemet skal derimot løysast i nær framtid sidan eit kloakkreinseanlegg er under bygging. Ein unik gjærsopp som veks i Zennedalen vert brukt i produksjonen av ølsorten Lambic. |