You've Got Another Thing Comin'
«You've Got Another Thing Comin'» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest. Han vart gjeven ut i 1982 på albumet Screaming for Vengeance og same året på singel. I mai 2006 rangerte VH1 songen på femteplassen på lista si over dei 40 beste metal-songane gjennom tidene.[2] Det vart ein av signaturlåtane til Judas Priet og i lag med «Electric Eye» og «Breaking the Law» faste nummer på konsertane deira. «You've Got Another Thing Comin» vart først framført på opningskonserten under the Vengeance-turneen i Stabler Center i Bethlehem i Pennsylvania, den 26. august 1982 og har blitt spelt kring 673 gonger i alt til og med Epitaph-turneen i 2012. Songen nådde 67. plassen på Billboard Hot 100 den einaste Judas Priest-singelen som gjekk inn på singellista i USA.[3] «You've Got Another Thing Comin'» nådd òg 66. plassen i Storbritannia.[4] På den amerikanske Billboard rock-lista nådde songen fjerdeplassen. MottakingWayne Parry i Associated Press kalla han i lag med «Hell Bent for Leather» og «Living After Midnight» ein av «standardane som andre metal-songane vart målt opp mot».[5] Greg Prato i AllMusic skreiv at songen vart det store gjennombrotet til Judas Priest i USA.[1] I andre mediaSongen er nytta i fleire videospel, som til dømes Prey; i Grand Theft Auto: Vice City's, Rock Band og Guitar Hero. Songen er blitt nytta i komediefilmen Bad Teacher frå 2011. Songen er òg nytta i ein episode av Californication. Medverkande
Kjelder
Bakgrunnsstoff |