WAVE, eller WAV, (.wav) står for Waveform Audio File Format er eit lydfilformat for (vanlegvis) ukomprimert lyddata på PCM-format.[1][2] Opphavet til formatet var eit felles framlegg frå Microsoft og IBM.[3] Wave-format fylgjer RIFF-spesifikasjonen, som tillèt at metadata vert lagra i same fil som lyddata. Wave vert i stort mon nytta for å lagra ukomprimert lyddata under operativsystemetWindows, men vert òg nytta i samband med Linux og Macintosh. Wave var opphavleg eit ein- eller tokanalformat, men er seinare utvida til fleire kanalar.[4]
Format
Fig. 1 Strukturen i ei wave-fil.
Wave-filer er strukturerte med eit hovud (en: header) fyrst i file, etterfylgd av ein eller fleire datablokker (en: chunks), som vist i Fig. 1. Fila har fyrst ei RIFF-blokk, etterfylgd av ein FORMAT-blokk, Fig. 1.
subchunk: (4 Byte) "data": identifiserer starten på datablokka
Subchunk2Size: Antal Bytes i datablokka (antal sampel)(antal kanalar)(ordlengd)/8.
Lyddata: eit binært ord per sample per kanal, på littendian format.
Avgrensingar
Lengda til Wave-filer er lagra som eit 32-bit heiltal, så lengda er avgrensa til 32 GByte, som tilsvarar 6 timar og 46 min for CD-kvalitet (16-bit, 44,1 kHz, 2 kanalar).